mandag 6. januar 2014

Godt Nytt År !


Vi titter innom som snarast, Barnum og eg. Vi har vore fryktelig labre på blogginga vår og siste innlegg var i august. Kva som har gjort det, er ikkje godt å seie. Det er vel ein kombinasjon av så mykje, tenker eg. Men no er vi her og satser på at det ikkje går så lenge til neste innlegg slik som sist.

Barnum har blitt 2 år og nesten 3 mnd og er ein kjekk kar. Han er flink til masse ting. Han er framleis ein aktiv og nysgjerrig krabat, men han synes det også kan vere deilig å ligge i ro og gjere ingenting - bortsett frå å sove. Det passar matmor godt også. Kan nå ikkje svirre rundt og rundt og rundt og rund heile tida heller :) Eller ?

Her er ein liten film i kjent Petrine og Barnum stil. Den er satt sammen av nokre videosnuttar tatt i Jula og i Romjula ! Kos dokke med den til vi dukker opp igjen, forhåpentlig snart :)




mandag 5. august 2013

Eit lite pip frå meg igjen :)

No er det august alt, og vi har fine seinsommardagar. Rett nok ikkje det flottaste været, me ok lell. 

Før ferien hadde eg den store gleden av å få eit brev i posten. Ikkje eit vanleg papirbrev, men eit nydelig lite nålebrev med søte små blomar på. Det var frå Bodil, ho som har bloggen Handarbeidsgleder. Ho hadde lyst å glede meg. Og det gjorde ho! Tusen, tusen takk.! 

Barnum synes at eg også skulle glede henne tilbake, og ville at eg skulle lage ein liten Barnum-miniatyr og gi henne. Og det har eg gjort. Den går i posten straks, straks. Vi har vore bloggevenner i mange år no, og eg har hatt mange "handarbeidsgleder" og inspirasjon av å titte innom bloggen hennar.


 Her tek Barnum farvel med lille Barnum


 Denne karen kjenner de vel, vesle Håkon, solstrålen over alle solstrålar. 
Han er snart 1,5 år og er blitt så flink til å gå og prate.


Her er Mamma-Kari og vesle Håkon. Akkurat ferdig med å "klippe" plenen.


Vi kosa oss sammen i Fiksdal. Og været var flott !!! Pappan til Håkon jobba.


Håkon e den finaste !! Det synes iallefall Mormor og Morfar (og Mamman til Håkon)


Håkon skal begynne i barnehagen, avd Trollskogen og då synes Mormor at han skulle ha troll på genseren sin. God varm ullbukse vil han sikkert også trenge til vinteren.


Frå ein skatt til neste igjen, Barnum. 
Her er han på skogstur med Pappa og har ikkje noke imot å posere frå ein mosegrodd stein. 



Yndlingsstillinga til Barnum, gjerne med eitkvart i munnen. Her ein tennisball i ei knestrømpe. 

Vakre og aktive Barnummen. Her ligg han så rolig og avslappa, men han kan vere litt av ei loppe. Barnum er fortsatt litt for ung og vilter til å kunne gå fritt sammen med Håkon. Han kan vere litt for brå og leiken. For å vere på den sikre side, har vi innført "eit begrensa samvær", slik at dei får bli vandt til kvarandre. Barnum må lære at han skal vere forsiktig med små barn. Etterkvart som dei blir eldre, får dei vere meir saman. Eg er sikkert litt for forsiktig, men eg har ikkje lyst det skal skje noke.


Med dette postkortet frå Fiksdal, (tatt frå yndlingsplassen min i Ordførargangen i Petrineshus), 
ønsker eg alle ein fortsatt fin augustmånad.

SOlong :)

onsdag 19. juni 2013

Aldri ein kjedelig dag saman med Barnum og Håkon

Hei, her er vi igjen, Barnum og eg, etter eit langt opphald frå bloggeverda. Barnum har blitt ein staselig liten herremann. Han er no ein flott unghund på over 1,5 år og midt i mellom liten kvalp og vaksen hund. Han er flink til mange ting. Begynner å få tak på dette med å "gå fot" også. Noke som er spesielt viktig då eg er avhengig av krykke. Krykke og ein vilter Barnum, er ikkje noke å trakte etter. Men med masse trening skal det nok gå seg til. Barnum har buret og plassen sin i ein krok av stova. Når vi er på kjøkkenet og lager mat eller vasker opp, sit Barnum i stova og ser innpå kjøkkenet. Han får aldri smake mat på kjøkkenet, ikkje ved bordet heller. Han får maten sin ved buret eller i buret. Med unntak av belønningsbiter. Når vi klipper klør, er det fårepølsebiter, når vi barberer snute er det rå biffbiter, når vi drypper auger er det påleggsbit, ellers går det i tørka kyllingbiter, ostebiter og tørka lever. Vi varierer alt etter kva vi skal trene på og belønne. Når han er ferdig med tannpuss, får han drikke av tannpussglasset sitt :) Heldiggrisen :)

I dag har vi trena med dørklokka. Prøver å venne han av med å ikkje bjeffe mot døra når det ringer på. Håper at han skal kunne assosiere lyden med noke godt, ikkje at "no kjem det folk og skal ta meg". Vi får sjå kor det går. Tok opp lyden på pc`n og så går vi rundt i huset og hører på lyden. Ein godbit for kvar gong han ikkje bjeffer på lyden. Har som mål at han skal for det første vere still og så gå på teppet sitt når dørklokka ringer. Men vi får sjå. Vi har også ein nabohund og når han bjeffer, så svarer Barnum. Barnum er ganske flink til å ikkje svare han når vi er inne i huset. Det er mange ting å trene på, så dagane blir ikkje kjedelig sammen med Barnum.



Heller ikkje sammen med Håkon !!!! Eg har nett vore å besøkt Mormor-Gullet mitt nokre dagar. Han har blitt så flink til å gå og kan mange ord alt. Det er heldigvis ikkje mange dagane til han kjem oppover på besøk til Mormor igjen. Då blir det både trilleturer og spasertur. Og så skal vi ete masse BÆBDLØØPÆÆ  (bringebær) !


Morfar hadde med seg gyngehesten sin til Håkon. Det er Oldefar som har laga den til Morfar. Bamse er heldig og får sitte på :)

Til slutt i dette innlegget legg eg inn nokre videosnuttar av Barnum.
Desse vart laga rundt Pinsetider. Barnum elsker å drible med ballen med taustumpen i munnen. Og han er ein dyktig problemløysar. Han kan halde på i lange tider og det er svært fascinerande og artig å sjå på.


Tur ved Hovdevatnet

Her kan du sjå livsnyting på høgt nivå !

Litt strikking blir det også tid til inni mellom, men ikkje noke som er verdt å legge ut på bloggen. 
Til helga blir det ein tur til Fiksdal igjen for å feire Jonsokk.

Barnum og eg ønsker dokke alle ein fin sommar :)

fredag 10. mai 2013

lørdag 4. mai 2013

onsdag 24. april 2013

Lesehest og leselest

Ja, så var det da dette med å gjere to ting på ein gong. Eg har lyst å lese og så har eg også lyst å strikke. Å sitte rett opp og ned og halde ei bok og lese, synest eg av og til er litt, ja kva skal eg kalle det, litt kjedelig kanskje. Spesielt når det litterære verket ikkje er fengande at eg må nihalde boka. Utfordringa er å finne ei passe bok og eit passe strikketøy og sist men ikkje minst, noken til å halde boka.


Løysinga er eit "lesebrett". Slik såg mitt gamle ut, eit notestativ eller staffeli med eit buksestrikk rundt.  . Enkelt og funksjonelt. Det som er fint med notestativ, er at eg lettare kan justere høgda. 
I bakgrunnen kan du så vidt skimte vår kjære Frikken som kviler seg på soffan.
For ei tid tilbake investerte eg i dette manuskript-brettet. 


Det brukar eg bl.a når eg strikker kunststrikk og anna strikk som har mønster der eg må halde tunga beint i munnen og augene festa på mønsteret Men i dag bruker eg det som bokbrett. Eg har sett det på eit bord, bygd det opp med bøker slik eg får god lesehøg, og så funne fram eit strikketøy som er vanlege raggsokker eller lestar som vi kaller det her. Iallefall noke som eg slepp å følge med på.

Eg starta med ei bok som eg hadde gløymt å avbestille i bokklubben, men den falt så dårlig i smak at strikketøyet vart meir spennande. No har eg leita fram ei krimbok av forfattaren Jan-Erik Fjell. "Tysteren", og då går det bedre med både strikking og lesing. 


Barnum og eg har nett vore ute på tur og rakk akkurat å kome oss innandørs før uværet tok oss. No tordner og lynar det, og halgler kraftig.

Det blir eit slikt spesielt lys like før eit uvær kjem.

'

No kan eg med god samvittighet putte Barnum i buret, sette meg ned med ei bok og eit strikketøy, og legge godt i omnen :)

Det er sant at blogginga mi har vore så som så i det siste, men det er noke som ikkje stemmer. Eg har vore innom andre bloggar og latt merke til på enkelte sine blogglister står det at siste innlegget hos Petrine  var for 5 veker sidan, men eg har publisert fleire sidan det. Skal tru kva som gjer det. Har nokon andre også opplevd det ?



tirsdag 23. april 2013

Egglegging og Puddelgutt

Påska er over for lenge sidan, men hønseflokken her på kjøkkenbordet mitt, legg fortsatt egg  :) 
Dei trur det iallefall :) Desse nålefilta hønene har eg nålefilta etter ønske frå søstera mi. No skal eg utføre det kunststykke å forflytte hønseflokken over i ein plastpose utan at dei merker det. Får håpe posen er lydtett, for det er ei kakling utan like. 


Barnumgutten er no blitt 1,5 år og er snart konfirmant. Han liker godt å stå slik å ta seg ut, for han veit at han er verdas vakraste Puddelgutt, for det har han høyrt ofte. Han er frisk og fin, nysgjerrig på det meste og veldig klok ! Aktiv liten kar som treng klare grenser og gode porsjoner med tålmodigheit.  
Det vi trener mest på no, er "ro-trening" dvs ligge rolig og vente, (ein godbit kan kome når som helst) og på kontaktlyden når vi er ute. 
Ein dag sammen med Barnum - er absolutt ingen kjedelig dag !

Ferdigheitene mine i pelsklipp er framleis på eit lavmål, 
men eg meiner bestemt at eg ein vakker dag skal  få det til. 

Barnum og eg ønsker alle ei fortsatt fin VÅR- veke !!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...